Søk medlemskap!

Alle som deltar i organisert trening og kamp i IL Harding pliktar å betala medlemskontingent til hovudlaget. Dersom dette ikkje vert gjort er ikkje spelarane forsikra ved skadar som oppstår i forbindelse med trening/kamp.


NB: For bruk av styrkerommet krevst det eigen årleg avgift. Sjå eiga side "syrkerommet" for meir informasjon.

Medlemskontigent

Familiemedlemskap (inkl. 2 vaksne og born < 18 år) kr. 500,-

Medlemskap vaksne ( > 18 år) kr. 200,-

Medlemskap born ( < 18 år) kr. 150,-



Medlemskontingenten gjelder for kalenderåret (01.01-31.24)


Utmelding av IL Harding

All utmelding må skje skriftleg. Det kan gjerast ved å senda ein e-post til medlemsansvarleg: Svein Ringheim

Treningsavgifter / Eigenandel

Treningsavgifter kjem i tillegg til medlemskontingenten. Avgifta varierer etter alder og type aktivitet. Dette krevst separat for deltaking i enkelte av IL Harding sine aktivitetstilbod (kun styrkerommet og fotball per 2023). I dei fleste idrettar krevst det eigen lisens frå forbund for å delta i konkurransar, dette gjelder frå ungdomsidretten (13 år).

Ved betaling av kontingenten, får medlemmet medlemsrettighetar i idrettslaget, og får ta del i idrettslaget sine aktivitetar. Ein forplikter seg samtidig til å fylgja NIFs regelverk. 

Medlemskap i IL Harding er fyrst gyldig frå den dagen kontingenten er betalt.

Utmelding skal skje skriftleg og får verknad når den er motteke.

Ved spørsmål: bruk kontaktskjema under "Om klubben" eller per telefon.


Har du vanskar med å betala?

Alle skal få vera med i IL Harding! Det betyr at born og ungdom skal få driva med idrett uansett kva økonomi familien har.

Dersom du har utfordringar med å betala medlems- og treningsavgifta, vil me finna ei løysing på det saman med deg.

Me har fleire høve til å hjelpa:

1. Me kan dela opp alle fakturane. Betal fakturaen for medlemskontigenten fyrst. Når du har betalt medlemskontigenten er du medlem av IL Harding. Medlemskap er knytt til viktige rettar som forsikring, deltaking på årsmøter osv. Oppdeling av treningsavgifta kan gjerast i fleire delar. Har du gjort avtale om oppdeling kan du få purringar til alt er betalt, dei kan du sjå vekk i frå.

2. Er du i kontakt med NAV/sosialkontor, kan det vera ei løysing at dei hjelper deg. Offentlege myndigheiter meiner det er viktig at born og unge får delta i idrett, uansett kva økonomi familien har. Ta med fakturaen frå oss til dei. 

3. Coop Noreg og Røde kors samarbeider om å gje born i låginntektsfamiliar mogelegheit til å delta i fritidsaktivitetar. Coop-dugnaden krev at ein kontaktperson søkjer om støtte på vegne av borna. Denne kontaktpersonen kan vera ansett i det offentlege hjelpeapparatet, i skuleverket, i ein idrettsklubb/kulturskule eller i ein frivillig organisasjon. Privatpersonar kan ikkje søkja sjølv. Les meir her.