Hovudstyret i IL Harding er generalforsamling for Fjordhallen AS, som er eit aksjeselskap 100% eigd av IL Harding. Fjordahallen AS har som oppgåve å drifte Fjordahallen gjennom Hallstyret. Her har IL Harding 3 av 5 reprensentantar, Ullensvang herad har 2 representantar.


Knut Raunsgard

Rolle: Leiar

Telefon: 906 25 764

Aina Irene Ynnesdal

Rolle: Kasserar

Ørjan Almeland Sjo

Rolle: Styremedlem

Sigrid Dagestad

Rolle: Styremedlem

Bente Kristoffersen

Rolle: Styremedlem

Kontakt: Ynskjer du kontakt med styret i Fjordahallen, send oss ein e-post på fjordahallen@gmail.com




Utgangspunkt

Engasjerte småbarnsforeldre og handtverkarar i idrettslaget starta ein idèprosess vinteren 2010. Her vart behovet for fleirbrukshall kartlagt og vurdert opp mot eksisterande tilbod og lokalitetar. Konklusjonen var at her er stor underkapasitet på trenings-, arrangements- og møtelokalar. Kinsarvik skule gav uttrykk for stort press på skulen sine lokalar, og Ullensvang innvandrarsenter og asylmottak opplyste om manglande lokale i høve trening, undervisning og integrering.

Ullensvang herad har mange ressurssterke innbyggarar og ansatte som brukar mykje tid på frivillig arbeid gjennom lag og organisasjonar. Dagens lokalitetar er små, utdaterte, og spreidd over fleire bygg.