- STYRKEROM -

IL Harding har eit eige styrkerom som er lokalisert i Fjordahallen. Styrkerommet er tilgjengelig for alle medlemmer av IL Harding mot avgift. Styrkerommet har eigen inngang opp trappa ved sida av hovudinngangen.


Ansvarleg for styrkerommet 2023/2024: Anna Hegerland.

Mail: ilhardingstyrkerommet@gmail.com

Tlf: 955 22 852

Medlemskap

Frå august 2022 gjekk me over til eit hovudforfall i året. Det vil seia at ein kan kjøpa seg 1 års medlemskap til styrkerommet for kr 1200. Ein betalar då frå 1.september til 31.august. Medlemmer som ynskjer å melda seg inn seinare enn dette betalar inn resterande månader fram til og med neste august. Pris per månad; 100kr. 


Medlemskap styrkerom 1 år (01. September 2023 - 31.August 2024 ): 1200kr


Medlemskap til styrkerommet kan kjøpast via menyen til høgre. Eller ein kan fylgje instruks under: 

Gjeldande retningslinjer for medlemskap til styrkerommet:

1- Gå inn på IL Harding si nettside og betal medlemskontingent om du er nytt medlem. Medlem som allereie er registrert i Il Harding får faktura automatisk. 

Familierabatt gjeld kun born under 18 år.

2- Når medlemskontingent er betalt kan ein kjøpe medlemskap til styrkerommet. Me tek kun imot betaling på vipps. Denne vipps-betalingen må vera merka med eventuelt brikkenummer om ein har brikke frå før. Nye medlem hentar ut brikke på Hardanger Souvenir ved å vise kvittering på betalt medlemskontingent og vipps for medlemskap til styrkerommet. Vipps kr 1200 til 519420 for medlemskap til styrkerommet i eit år.

3- Frå no av vert det kun eit forfall, det vil seie at ein får kjøpe seg 1 års medlemskap til styrkerommet for kr 1200. Ein betaler då frå 1.sep 2023 - 31.aug 2024. Betaler ein ikkje medlemskap innan 14.sep 2023 til styrkerommet, vert brikka stengt. Nye medlem som ynskjer medlemskap til styrkerommet etter frist for å betale til styrkerommet kan få betale fram til hovudforfall, altså 100 kr mnd fram til hovudforfall. Send mail til Ilhardingstyrkerommet@gmail.com for å avklare ein avtale. 

4- Frist for å betale før brikkene vert stengt er innan 14. september 2023.

Me går altså vekk i frå halvårsmedlemskap og studentrabatt.

Alle som har brikker som ein ikkje nyttar skal leverast på Hardanger Souvenir.


Når både medlemskap i IL Harding og styrkerommet er betalt skal ein fylla ut eit digitalt skjema med personinformasjon og signera på retningslinjer for bruk av styrkerommet. Sjå link til høgre.

Medlemskorta til IL Harding og styrkerommet vil så bli tilgjengelig via appen "IdrettenOnline". Desse medlemskorta viser ein ved uthenting av adgangsbrikka på Hardanger Souvenir. Dersom du allereie har brikka vil den opnast fortløpande, normalt sett innan 48 timer.

Reglar 

Alle som nyttar styrkerommet skal følgja og skriva under på reglement og retningslinjer for styrkerommet. Skjema fyller ein inn digitalt via lenkje til høyre. 


Styrkerommet i fjordahallen er eit lågterskeltilbod. Me er fleire som gjer frivillig arbeid slik at mange kan ha ein fin plass å trene. Ved teikning/fornying av nytt medlemskap kan det ta nokon dagar før brikka vert opna då dette er noko me må gjere manuelt. 


Me ynskjer også å informere kring reglar og ansvar knytt til styrkerommet:

  • Utlån av brikker er ikkje tillatt. Brikkene er personlege, overtredelse kan medføre utestenging. 

  • Åpningstidene er 06.00-22.00. Ved arrangement kan åpningstider bli endra.

  • Tapt brikke vert belasta med kr 250.

  • IL Harding har nulltoleranse for dopingmidlar. 

  • All trening og bruk av styrkerommet er på eige ansvar.

  • Av hensyn til reinhald skal det nyttast reine innesko og klede som dekker kroppsdelar som er i kontakt med treningsutstyr.

  • Bruk handkle og vask apparatet etter deg med papir og spray som står i styrkerommet.

  • Meld i frå til leiar for styrkerommet Anna Hegerland ved feil eller manglar.

  • Opphald i styrkerommet utan medlemskap er ikkje tillatt.

  • Alle som trener  har eit ansvar for å rydde opp etter seg. Legg manualar på plass og hald det reint og ryddig. 

  • På grunn av brannforskrifter er det ikkje tillatt å opne vindauger eller sette opp dører. 

  • Aldersgrense for å nytte styrkerommet er 16 år.

  • Ein kan ikkje booka tid eller utstyr på styrkerommet.

Eigenerklæringskjema
Bli medlem her!
IdrettenOnline App IOS
IdrettenOnline App Android