Alle som deltek i organisert trening og kamp i IL Harding, pliktar å betala medlemskontingent til hovudlaget. Dersom kontingenten ikkje er betalt, er ikkje spelaren forsikra ved skadar som oppstår i samband med trening eller kamp.
NB! For bruk av styrkerommet krevst det eigen årleg avgift. Sjå sida til styrkerommet for meir informasjon.
Medlemskontingent
Familiemedlemskap (2 vaksne og born under 16 år): 500,-
Medlemskap vaksne (frå 16 år): 200,-
Medlemskap born (under 16 år): 150,-
Betaling
- Nye medlemmer: Ved innmelding
- Eksisterande medlem: Fakturert årleg
Medlemskapet er løpande fram til utmelding er stadfesta
Utmelding av IL Harding
All utmelding må skje skriftleg. Det kan gjerast ved å senda ein e-post til medlemsansvarleg: Svein Ringheim
Treningsavgifter / Eigenandel
Treningsavgifter kjem i tillegg til medlemskontingenten. Avgifta varierer etter alder og type aktivitet, og vert kravd separat for deltaking i enkelte av aktivitetstilboda til IL Harding (per 2023 gjeld dette styrkerom og fotball).
Ved betaling av kontingenten, får medlemmet medlemsrettighetar i idrettslaget, og får ta del i idrettslaget sine aktivitetar. Ein forplikter seg samtidig til å fylgja NIFs regelverk.
Medlemskap i IL Harding er fyrst gyldig frå den dagen kontingenten er betalt.
Utmelding skal skje skriftleg og får verknad når den er motteke.
Ved spørsmål: bruk kontaktskjema under "Om klubben" eller per telefon.
Alle skal få vera med i IL Harding! Det betyr at born og ungdom skal få driva med idrett uansett kva økonomi familien har.
Dersom du har utfordringar med å betala medlems- og treningsavgifta, vil me finna ei løysing på det saman med deg.
Me har fleire høve til å hjelpa:
1. Me kan dela opp alle fakturane. Betal fakturaen for medlemskontigenten fyrst. Når du har betalt medlemskontigenten er du medlem av IL Harding. Medlemskap er knytt til viktige rettar som forsikring, deltaking på årsmøter osv. Oppdeling av treningsavgifta kan gjerast i fleire delar. Har du gjort avtale om oppdeling kan du få purringar til alt er betalt, dei kan du sjå vekk i frå.
2. Er du i kontakt med NAV/sosialkontor, kan det vera ei løysing at dei hjelper deg. Offentlege myndigheiter meiner det er viktig at born og unge får delta i idrett, uansett kva økonomi familien har. Ta med fakturaen frå oss til dei.
3. Coop Noreg og Røde kors samarbeider om å gje born i låginntektsfamiliar mogelegheit til å delta i fritidsaktivitetar. Coop-dugnaden krev at ein kontaktperson søkjer om støtte på vegne av borna. Denne kontaktpersonen kan vera ansett i det offentlege hjelpeapparatet, i skuleverket, i ein idrettsklubb/kulturskule eller i ein frivillig organisasjon. Privatpersonar kan ikkje søkja sjølv. Les meir her.