Informasjon om Styrkerommet
Postet av IL Harding den 31. aug 2026
Hei! Eit nytt treningsår er i vente og det er på tide å minne om ny betaling :-)
Her kjem eit infoskriv til dykk som ynskjer å fornye/få medlemskap til styrkerommet i
Fjordahallen drifta av IL Harding.
1. Er ein nytt medlem må ein gå inn på IL Harding si nettside og melde seg inn i
idrettslaget. Ein får då faktura på 200 kr. Er du allereie medlem får ein faktura
automatisk. Nye medlem må også fylle ut eigenerklæringsskjema som ein finn på IL
Harding si nettside under “Styrkerommet”
2. Når medlemskontingent er betalt kan ein kjøpe medlemskap til styrkerommet. Me tek
kun imot betaling via Vipps. Denne vipps-betalingen må vere merka med
brikkenummer om ein har brikke frå før. Nye medlem henter ut brikke på Hardanger
Souvenir ved å vise kvittering på betalt medlemskontingent og vipps for medlemskap
til styrkerommet. Vipps kr 1200 til 519420 for medlemskap til styrkerommet.
3. Det er kun eitt forfall, det vil seie at ein får kjøpe seg 1 års medlemskap til
styrkerommet for kr 1200. Ein betaler då frå august 2026- august 2027. Betaler ein
ikkje ny medlemskontingent innan 20.sep 2026 til styrkerommet, vert brikka stengt.
Nye medlem som ynskjer medlemskap til styrkerommet etter 20.sep kan betale fram
til hovedforfall, altså 100 kr mnd fram til hovudforfall. Send mail til
ILhardingstyrkerommet@gmail.com for å avklare ein avtale.
4. Frist for å betale før brikkene vert stengt er innan 20.sep 2026.
- Me tilbyr ikkje halvårsmedlemskap eller studentrabatt.
- Alle som har brikker ein ikkje nyttar skal leverast på Hardanger Souvenir.
- Har ein allereie betalt kontingent til IL Harding og medlemskap til styrkerommet vert
brikka ikkje stengt.
Ansvarleg for styrkerommet er Anna Hegerland. Har ein spørsmål kring teikning av
medlemskap eller andre spørsmål kring styrkerommet kan ein ta kontakt på mail:
ILhardingstyrkerommet@gmail.com eller tlf 95522852.Styrkerommet i Fjordahallen er eit lågterskeltilbod. Me er fleire som gjer frivillig arbeid slik
at mange kan ha ein fin plass å trene. Ved teikning/fornying av nytt medlemskap kan det ta
nokre dagar før brikka vert opna då dette er noko me må gjere manuelt.
Me ynskjer også å informere kring reglar og ansvar knytt til styrkerommet:
- Utlån av brikker er ikkje tillatt. Brikkene er personlege, overtredelse kan medføre
utestenging.
- Åpningstidene er 06.00-22.00. Ved arrangement kan åpningstider bli endra.
- Tapt brikke vert belasta med kr 150.
- IL Harding har nulltoleranse for dopingmidlar.
- All trening og bruk av styrkerommet er på eige ansvar.
- Av hensyn til reinhald skal det nyttast reine innesko og klede som dekker kroppsdelar
som er i kontakt med treningsutstyr.
- Bruk håndkle og vask apparatet etter deg med papir og spray som står i styrkerommet.
- Meld i frå til leiar for styrkerommet Anna Hegerland ved feil eller manglar.
- Opphald i styrkerommet utan medlemskap er ikkje tillatt.
- Alle som trener har eit ansvar for å rydde opp etter seg. Legg manualar på plass og
hald det reint og ryddig.
- På grunn av brannforskrifter er det ikkje tillatt å åpne vindauger eller sette opp dører.
- Aldersgrense for å nytte styrkerommet er 16 år.
Håpar mange ynskjer å fortsette å nytte styrkerommet!
God trening!
Helsing hovedstyret til IL Harding
Siste fra IL Harding
Løpskarusell i Kinsarvik hausten 26
02.09.2026
Torshov sport - handledag
01.09.2026
Medlemskontingent
15.05.2025