Resultater Blømingsmile 2019

Laurdag 25.mai vart mosjonsløpet Blømingsmile arrangert for 37. gong. Starten går frå Røyse på Lofthus, og målgang er ved Mikkelparken Ferietun i Kinsarvik. Det var fine løpsforhold, til tross for nokre regndropar undervegs.

I alt 119 deltakarar fullførte, fordelt på 39 i aktiv klasse og 80 i trimklassen.

Vinnar av kvinneklassen vart Ellen Mari Ramberg frå arrangørklubben med tida 39.00. Ho fekk sitt andre napp i vandrepokalen. I herreklassen var det Ken-Tony Johansen frå Gular (og Odda) som stakk av med seieren. Han fekk tida 33.30, og fekk sitt første napp i vandrepokalen.

Lenke til resultatliste:

https://live.eqtiming.com/48988#result:181911-0-0-1-1-

Lenke til IL Harding si nettside:

https://www.ilharding.no/portal/theme/organization/main.do?siteId=629

Tidlegare på dagen gjennomførte IL Harding barneløpet “Minimile” i Kinsarvik. Løypa går i rundt kyrkja i sentrum av Kinsarvik. I år var det 17 ungar som stilte til start. Alle fullførte i fin stil.

Dette er ungane som deltok i Minimile:

Martine Meling Hoel (2016), Kristi Lutro Gjerde (2016), Ulvar Jordal-Kvalvik Nedrevåg (2016), Alvi Lutro (2016), Åsne Kalhagen Eitrheim (2015), Lars Lutro Gjerde (2014), Live Myklebust Bidne (2014), Veni Jordal-Kvalvik Nedrevåg (2013), Linde Svartveit Hansen (2013), Josefine Leonhardsen (2013), Adelen Bangfors Stana (2013), Vår Kalhagen Eitrheim (2012), Ådne Lutro Kårdal (2012), Nora Myklebust Bidne (2011), Sanne Opedal Helleland (2010), Siri Svartveit Hansen (2010), Tuva Lutro Kårdal (2009)

Bente Kristoffersen, IL Harding


Ellen Mari Ramberg frå Harding og Ken-Tony Johansen frå Gular med vandrepokalane (foto: Bente Kristoffersen)



Dei glade vinnarane Ellen Mari Ramberg og Ken-Tony Johansen. Speaker Sjur Magne Halland i bakgrunnen (foto: Isak Al Bayati)



Deltakarar under skulealder på startstreken (foto: Sigrid Flatland)



1. - 4. klasse klare til start (foto: Sigrid Flatland)



Glade vinnarar med premiar (foto: Sigrid Flatland)


©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift