God innsats i Bergen Marathon

Det var fleire representantar frå IL Harding på Fjordkraft Bergen City Marathon (FBCM) lørdag 27. april 2019.

IL Harding i Bergen City Marathon - 2019

Med sine 11.000 deltakarar gjekk Bergen City Maraton av stabelen for åttande gong 27. april 2019. I år fekk IL harding 2 deltakartar blant topp ti!!

Det vart ein særs respektabel 4. plass til Kim Are Bull Hansen frå Kinsarvik i Bergen City Matathon 2019, etter 6. Plassen i fjord! Kim Are deltok på heil-marathon, 42 km. Tida var 2:37:01, ei forbedring med over 7 minutter frå 2018. 4:32. Kim Are vart også klassevinnar i sin klasse, M35-39. Me gratulerer!!

Like imponerande var løpet til Ellen Mari Ramberg frå Kinsarvik med ein særs god 6.plass. Ellen Mari kom inn på tida 3:21:35! Det er fyrste gong Ellen Mari deltek på distansen! Ellen Mari vart nummer 4 i sin klasse K23-34. Me gratulerer!!

Det var ellers ei god deltaking frå IL Harding i Bergen City Marathon med totalt 7 utøvarar. Resultat frå IL Harding sine deltakarar i Bergen City Matathon;

Namn: Klasse Distanse: Tid Kim Are Bull Hansen M35-39 Maraton 2:37:01 (4.plass totalt)

Ellen Mari Ramberg K23-34 Maraton 2:21:35 (6.plass totalt)

Jana Paluchova K35-39 Maraton 4:14:37 (3.plass i K35-39)

Fredrik Opedal M35-39 Halvmaraton 1:35:55

Ivar Tveito Eidnes M40-44 Halvmaraton 1:38:16

Anne-Cathrin E. Eidnes K40-44 Halvmaraton 1:38:55 (4.plass i K40-44)

Elin Ersland K50-54 Halvmaraton 2:19:56

Nathalie Wiberg K20-22 5 km 29:35 (9.plass i K20-22)

Ståle Wiberg M50-54 5 km 33:27

Eva Karin H. Wiberg K50-54 5 km 42:02

Me gratulerer alle deltakarane!

IL Harding


©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift