Fotballens dag 2018

Fotballens dag vart gjennomført 22.september 2018 i varierande ver

Mange møtte opp då IL Harding arrangerte fotballens dag 2018 på Hordatun.

Den nye idrettsarenaen vart offisielt åpna ved ordførar Solfrid Borge laurdag 22.september. Ny grasmatte, nytt ljosanlegg og nye ballager med innbyttarbuer til heime- og bortelaga er på plass, og vil vera til glede for både små og store.

Det var aktivitetar for folk i alle aldrar med blant anna boblefotball, lotteri, skyting på blink, fartsmåling av skot.

I tillegg vart det gjennomørt kampar i ligaen for 8-åringane, samt Harding sitt J13-lag mot Trio frå Husnes. Dagen vart avslutta med lokaloppgjer i Terje Storhaugligaen mellom IL Harding og Føyk, ein kamp som enda med heimesiger 5-3.

Ullensvang brannvesen var også til stades med den nye brannbilen og markerte open dag på brannstasjonane over heile landet.


Harding-Føyk


Offisiell opning ved ordførar Solfrid Borge

Straffescoring for IL Harding ved Terje Meling

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift