Kim Are vart nummer 10 på Oslo Maraton

Kim Are Bull Hansen, busett i Kinsarvik, representerte i dag IL Harding i Oslo Maraton og vart nummer 10.

Kim Are Bull Hansen, busett i Kinsarvik, representerte i dag IL Harding i Oslo Maraton.

Han er 36 år gammal, er gift og har to barn.


Du har sikkert sett han springa rundt i Kinsarvik, noko han gjer i kvar ei ledig tid.

Eller så såg du han ta tredje plass i Blømingsmila for nokre år sidan - med barnevogn.


Denne helga sprang han altså NM maraton i Oslo og kom inn på ein meget respektabel 10. plass med tida 02:36:46.

Det var heile 2.350 som starta sjølve maratonet, og Kim Are vart nummer 10 totalt - og nummer 2 i si pulje.


I følge heimesida til BMW Oslo Maraton er det eit gateløp beståande av ca. 20.000 deltakarar totalt.

Arrangementet vert arrangert hvert år, nest siste helga i september og går gjennom Oslo sine gater.

BMW Oslo Maraton er eit av Noregs største gateløp. Arrangementet består av flere distanser og er eit

løp for alle.


Harding har snakka med Kim Are etter løpet:

Kva var målet ditt i Oslo Maraton?

Målet mitt var å komme under 2:40. Sjølve plasseringa er så avhengig av kven som er med.

Vart det tøffare eller lettare enn du hadde trudd?

Det var ei tøff løype med to tøffe stigningar.

Det var ein tung maraton, men kjempeflott ver og mykje folk gjorde det til eit flott løp og at

motivasjonen var god gjennom heile løpet!

No skal han nyte resten av helga i eit solfylt Oslo.


IL Harding gratulerer!


(Biletet i saka er henta frå Bergen Marathon der han var nummer 6 tidlegare i år, sjå http://www.ilharding.no/portal/public/article/show...)


For resultatlister, sjå

http://live.ultimate.dk/desktop/front/index.php?ev...

Elles les meir på www.oslomaraton.no

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift