Lokal deltaking i Hardangervidda Marathon

To lokale deltakarar sprang halvmaraton då Hardangervidda Marathon vart arrangert laurdag 1.september.

To lokale deltakarar sprang halvmaraton då Hardangervidda Marathon vart arrangert laurdag 1.september.

Ellen Mari Ramberg vann sin klasse og kom inn på ein 5.plass totalt med tida 2:42:20, medan Jana Paluchova vart nummer sju i sin klasse med tida 3:21:10.

"Hardangervidda Marathon er ikkje eit normalt marathon der ein spring på asfalt i ein relativt flat løypeprofil. I Eidfjord satsar ein på det ekstreme – springing på sti, kryssing av elvar, snø, is, gjørme og ikkje minst den brutale stigninga inst i Simadalen der ein skal frå null til 1200 meter over havet i løpet av eit par-tre kilometer.

Mange opplever denne stigninga som eit løp i løpet, eit brutalt motbakkeløp midt inne i eit fullverdig terrengløp", melder arrangøren.

For meir informasjon, les her:

https://xtremeidfjord.no/hardangervidda-marathon/

Resultatlister:

https://live.eqtiming.com/42317#result:156160-2-0-1-1-

IL Harding gratulerer og er stolte av å ha med representantar i eit slikt løp!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift