IL Harding

Hordatun idrettspark

Hordatun idrettspark

Oppgradering av Hordatun idrettspark:

Prosjektet vart starta etter initiativ frå styret i IL Harding hausten 2016. Prosjektet vart presentert for politikarane i Ullensvang herad, og idrettslaget utarbeidde søknad om tippemidlar.

Heradstyret løyvde samrøystes i desember 2016, 2.800.000 kr (eks mva) til rehabiliterings-prosjektet, og med desse midlane vart vegen vidare mykje enklare. IL Harding sette

ned ei prosjektgruppe, som utarbeidde anbodsgrunnlag og utforma søknad til diverse fond. Våren 2017 løyvde Sparebank stiftinga Hardanger 500.000 kr til prosjektet, og

Trond Mohn si stifting gjennom Hordaland fortballkrets løyvde også 500.000 kr. Idrettslaget gjennomførte ei anbodskonkurranse ihht lov om offentleg anskaffelse, og

firmaet Sportsurface AS frå Haugesund fekk oppdraget med grasdekket. Hardanger Energi AS fekk oppdraget med nye ljosmaster. Graset er av beste kvalitet og er

konstruert med underliggande drensrøyrer, for å unngå gummigranulat på avveger. Det vart samstundes nytta eit granulat med 30 % betre heft til graset enn vanleg granulat,

(grøn type). Arbeidet med drensgrøftene vart utført av den lokale entreprenøren Bjarte Vikane AS, som underentreprenør av Sportsurface AS. Utskifting av gradekket

vart gjennomført sumaren 2017, og nye ljosmaster vart montert sumar/ haust 2017. Mastene er 18 meter høge, 6 stk, og med LED-ljos. Dette er ei stor oppgradering i

høve dei gamle ”gateljosa” på 12 meter frå 70-talet. Det vart gjennomført ein betydeleg dugnadsinnsats, både på arbeidet med graset og arbeidet med ljosmastene.

Dugnadslag arbeidde frå tidleg morgon til seine kvelden, og Kompaen på Lofthus leverte god lunsj og middagsmat. Sjølve graset og ljoset vart ferdigstilt hausten 2017.

Lager og innbytarbua vart påbegynt våren 2018, etter ein begrensa anbodskonkurranse. Nedrevåg AS har stort sett stått for arbeidet med bygget, medan ulike

arbeidsprosessar har vorte utført på dugnad. Bygget står ferdig til opning 22/9-18. Bygget er malt i IL Harding sine eigne fargar, og er eit bygg laget har drøymt om å

realisere i lengre tid.

Kostnadsramma for heile bygge og rehabiliterings-prosjektet ligg på rundt 5.5 millionar kr. Finansiering har vore Ullensvang herad 2.8 millionar, Sparebankstiftinga

500.000 kr, Trond Mohn fond 500.000 kr, tippemidlar 1.000.000 kr, og dugnad til ein verdi av 500.000 kr. Heradet har i tillegg forskottert tippemidlar. Prosjektleiinga

har vore i regi av IL harding, medan prosjektet økonomisk har gått gjennom heradet og kommunal MVA-kompensasjonsordning.

IL Harding er veldig takksame for den støtte Ullensvang herad har gitt prosjektet. Idrettslaget har hatt eit særs godt og tett samarbeid med heradet gjennom rådmann

Magnus Steigedal og Teknisk sjef Helga Helleland. Ullensvang herad har parallelt med prosjektet også prioritert uteområdet rundt klubbhuset med asfaltering og

tilrettelegging for parkering. Dette vart utført hausten 2017.

Hordatun idrettspark vart opprinneleg opparbeidd av UTIL på 1950-talet. Plassen vart først bygd som ein kombinert friidrettsplass og fotballbane, med grusdekke.

Tomtegrunen banen ligg på, har Hardanger Folkehøgskule stått som eigar av. Ullensvang herad gjekk inn med bruksavtale for arealet på 1980-talet. Avtalen vart

fornya når grusbanen vart historie til fordel for krøllgras i 2002. I 2017 kjøpte heradet heile arealet på og rundt idrettsparken og står no som tomte-eigar. IL Harding

er særs positive til at heradet har kjøpt tomtegrunnen til anlegget.

IL Harding

Hordatun klubbhus, 5781 Lofthus
Org.nr: 987 634 243
epost: post@ilharding.no

Leiar/ Kontakt: Ivar Tveito Eidnes, 5781 Lofthus, tlf: 98818456

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift