IL Harding

Ringverknader

Ringverknader

Kinsarvik har betydeleg overnattingskapasitet (ca 540 gjestesenger) og parkeringskapasitet (ca 450 offentlege oppstillingsplassar). –Alt innan max 5 min gangavstand til planlagd fleirbrukshall.

Dersom fleirbrukshallen dannar grunnlag for 5 nye arrangement i Ullensvang med ca 150 deltakarar, vil dette bety ei estimert verdiskaping for Ullensvang på 5 x 150 x 2 døgn x 1.500kr. = ca 2,2mill. pr år.

Idrettsarrangement

Ulike idrettsarrangement vil tiltrekka både utøvarar, leiarar, familiemedlemmer av utøvarar og anna publikum. Aktuelle nye arrangement kan vera:

·         Friidrettsarrangement

·         Innandørs fotball

·         Innebandy

·         Bedriftsidrettsturnering

·         Landskampar og nasjonale turneringar innan ulike idrettar

·         Treningssamlingar

Andre arrangement

Ullensvang herad manglar pr i dag ei «storstove». I heradet er her lag og organisasjonar som arbeider innan eit stort spekter av interessefelt. Andre arrangement enn idrett som kan utviklast er:

·         Store kulturarrangement som kappleikar

·         Konsertlokale i anledning Hardanger Musikkfest

·         Ungdomsarrangementet «Fjorda-LAN»

·         Kor- og korpssamlingar

·         Varemesser og konferansar

Reiseliv – handel

«Trafikk skapar trafikk». –Betydelege ringverknader for reiselivsbedrifter, overnattings- og serveringsbedrifter, varehandel, gardsbutikkar, lokale attraksjonar (familiepark, musèum, gocart, gardsturisme mv).

Skular

Betydeleg betre lokalitetar for idrettstilbod og fysisk aktivitet for Kinsarvik skule (barne- og ungdomsskule), samt arrangementstilbod for Opedal- og Sekse skule.

Ullensvang kulturskule kan også vera ein aktiv brukar.

Andre lag og organisasjonar mv

Det frivillige arbeidet i heradet er i dag spreidd over fleire kommunale og private bygg. Desse er prega av dårleg tilrettelegging for større samlingar og plasskrevjande aktivitetar. Dei ulike laga slit også med manglande og spreidde lager til ymse utstyr. Fylgjande lag/org. er tiltenkt sosiale rom, kjøken og lager i fleirbrukshallen:

·         Kinsarvik grendahus

·         4H

·         Røde Kors Hjelpekorps

·         Bygdekvinnelag

·         Pensjonistlag

·         Ungdomsbase

·         Frivillighetssentral

Ullensvang innvandrarsenter og asylmottak

Ullensvang herad har i dag ca 97 flyktningar og asylsøkarar. Her manglar gode lokale for å tilby ein meiningsfylt kvardag i framand land og kultur, samt gode møteplassar for integrering i det norske samfunnet. I fleirbrukshallen vil dei få tilgang til idrettsaktivitetar, styrkerom, undervisnings- og møterom, grendahuskjøken mv.

IL Harding

Hordatun klubbhus, 5781 Lofthus
Org.nr: 987 634 243
epost: post@ilharding.no

Leiar/ Kontakt: Ivar Tveito Eidnes, 5781 Lofthus, tlf: 98818456

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift