IL Harding

Dugnad

Dugnad
RELATERTE DOKUMENTER
Dugnadsliste

DUGNAD

18.03.2014

DS stålkonstruksjon er no godt igang med å reisa hallen, og som dei reknar med vil ta ei vekes tid. Vidare plan er å montera

sandvichelementane, støypa ringmur og dekke i hall.

Me er veldig fornøgd med dugnadsarbeidet som har vore utført, det har vore fleire personar i sving som har gjort ein kjempeinnsats.

Me har til no utført ca 750 dugnadstimar, der arbeidet har bestått av forskaling, bunting av jern og riving/rydding etter støyping.

No er arbeidet med fleirbrukshallen i gang; og me er avhengige av at alle bidreg med dugnadstimar.

Bruk gjerne vedlagt dugnadsliste. Skriv opp namn, tlfnummer, kor mange timar du kan bidra, og kryss av for kva arbeid du ynskjer

å bidra med. Kryss gjerne av i fleire rubrikkar, då er det større sjanse for at me har dugnadsfolk gjennom heile arbeidsprosessen.

Du vil verte kontakta pr telefon etterkvart som det trengs arbeidskraft.

IL Harding

Hordatun klubbhus, 5781 Lofthus
Org.nr: 987 634 243
epost: post@ilharding.no

Leiar/ Kontakt: Ivar Tveito Eidnes, 5781 Lofthus, tlf: 98818456

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift