IL Harding

Historie

Historie

Informasjon om prosessen frå oppstart 2010

Utgangspunkt

Engasjerte småbarnsforeldre og handtverkarar i idrettslaget starta ein idèprosess vinteren 2010. Her vart behovet for fleirbrukshall kartlagt og vurdert opp mot eksisterande tilbod og lokalitetar. Konklusjonen var at her er stor underkapasitet på trenings-, arrangements- og møtelokalar. Kinsarvik skule gav uttrykk for stort press på skulen sine lokalar, og Ullensvang innvandrarsenter og asylmottak opplyste om manglande lokale i høve trening, undervisning og integrering.

Ullensvang herad har mange ressurssterke innbyggarar og ansatte som brukar mykje tid på frivillig arbeid gjennom lag og organisasjonar. Dagens lokalitetar er små, utdaterte, og spreidd over fleire bygg.

På grunnlag av behovet, vart det satt ned fylgjande prosjektgruppe for utarbeiding av forprosjektet:

Knut Raunsgard

Kinsarvik Idrettslag

Udmund Sandstå

Kinsarvik Vel

Nils Rune Kjoberg

Byggmester Samson Kjoberg AS

Eivind Gregersen

Informasjon/administrasjon

Terje S. Bråvoll

Økonomi/administrasjon

Prosjektgruppa og entreprenørane i idègruppa, var på synfaring i Tyssohallen (Tyssedal) vinteren 2010. Forutan omvisning i hallen, har styret i Tyssohallen AS bidrege med råd, tips og budsjett vedkomande byggeprosess og dagleg drift. Vårt prosjekt bygger med andre ord på tilsvarande val av organisering, bygging og drifting som av Tyssohallen.

Etter kartlegging av behov og synfaring i Tyssohallen, tok prosjektgruppa kontakt med Bygg Engineering AS i Drammen for teikning , prosjektering og kalkulering av fleirbrukshall. Bygg Engineering AS har spesialisert seg på bygging av fleirbrukshallar, og har også teikna/prosjektert Tyssohallen.

Informasjonsprosess

Ved ferdig utarbeida forprosjekt med teikningar, investeringsbudsjett og driftsbudsjett, tok prosjektgruppa kontakt med administrasjonen i heradet (2010/2011). Administrasjonen vart informert om prosjektet, og val av organisasjonsform, investering, leigeforhold mv vart diskutert.

Deretter vart idrettsrådet i Ullensvang, saman med alle idrettslaga i heradet, invitert til eit informasjonsmøte om oppstarta prosjekt. Utover våren 2011 reiste prosjektgruppa rundt i grendene i heradet for å presentera prosjektet, og nytta samtidig høvet til å innhenta tankar og idèar om behov knytta til innhald mv.

Plassering

Ullensvang herad vedtok allereie i 2006 at ein mogeleg fleirbrukshall i Ullensvang aust skulle plasserast ved Kinsarvik skule. Prosjektgruppa er samd i dette vedtaket, då sambruk mellom skule, idrettslag, asylmottak, andre lag og organisasjonar, og næringslivet gir størst potensiale ved ei slik plassering.

Ei slik plassering vil også gi tilgang til eksisterande garderobeanlegg ved Kinsarvik skule.

Den nye hallen vil ha tilstrekkeleg lagerkapasitet, garderobeanlegg og sosiale rom som fyller krava for tildeling av spillemidlar. Sjølve hallflata vil vera i handball-storleik, og kan delast inn i 3 volleyball-hallar.

IL Harding

Hordatun klubbhus, 5781 Lofthus
Org.nr: 987 634 243
epost: post@ilharding.no

Leiar/ Kontakt: Ivar Tveito Eidnes, 5781 Lofthus, tlf: 98818456

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift