IL Harding

Blømingsmile

Blømingsmile

Dato:        Laurdag 19. Mai 2018

Stad:         Lofthus - Kinsarvik

PRAKTISK INFORMASJON:

Start ved Krossvoll på Lofthus, som ligg nede i sentrum av Lofthus ved rundkøyringa (båthamna). Parkering i sentrum eller ved Ullensvang Kyrkje.

kl 13:00           Start trimklasse                    

kl 14:00           Start konkurranseklassane

Start:              Krossvoll på Lofthus
Målgang:        Mikkelparken Ferietun i Kinsarvik

 

OM LØPET:
Løpet går frå Lofthus til Kinsarvik i Hardanger, gjennom Noregs frukthage, med bløming i mai. Løpet er 10 km langt og går langs rv 13. Det er eit gateløp med lange tradisjonar. Målgang er ved Mikkelparken Ferietun, like ved Mikkelparken.

Garderobefasilitetar vil vere tilgjengeleg på Kinsarvik skule.

Skyss frå Fjordahallen i Kinsarvik  kl. 12:00 og kl. 13:00 til starten på Lofthus.

 

BLØMINGSKILOMETEREN:
Det vert arrangert ei mini-blømingsmil for born. Dette er eit gateløp i Kinsarvik på 1 km.
Starten er kl. 12:00 i Kinsarvik sentrum for dei under 12 år.  Startkontingent kr. 50,-  alle får premie. Påmelding ved start

 

KLASSAR BLØMINGSMILE:

Konkurranseklassane er inndelte slik , både for menn og kvinner:

12-14              45-49
15-16              50-54
17-18              55-59
19-34              60-64
35-39              65-69
40-44              70+
 
 

PREMIERING:
Premiering til alle klassevinnarane.
I mosjonsklassen er det ikkje tidtaking og inga klasseinndeling.
Det er premiar å få for 1-3-5-10-15-20-25-30-35…. gong ein gjennomfører

I tillegg vert det utdelt vandrepokal til beste mann og kvinne, samt gåvedryss frå næringslivet trekt på startnummer

Alle må vera registrerte for å få namnet sitt på resultatlista.


 

PÅMELDING:
www.ilharding.no eller via EQ-timing.no

Påmeldingsfrist er dagen før løpet

Det er råd å melda seg på ved start, då må du betala 100 kroner ekstra i tillegg til påmeldingsavgift.

 

PÅMELDINGSAVGIFT:
Startkontingent er kr. 150,- pr. deltakar

 

Sjå elles internettside:

www.ilharding.no (Her vert også resultatlista lagt ut).

 

IL Harding

Hordatun klubbhus, 5781 Lofthus
Org.nr: 987 634 243
epost: post@ilharding.no

Leiar/ Kontakt: Ivar Tveito Eidnes, 5781 Lofthus, tlf: 98818456

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift