Alle som deltek i organisert trening og kamp i IL Harding, pliktar å betala medlemskontingent til hovudlaget. Dersom kontingenten ikkje er betalt, er ikkje spelaren forsikra ved skadar som oppstår i samband med trening eller kamp.
NB! For bruk av styrkerommet krevst det eigen årleg avgift. Sjå sida til styrkerommet for meir informasjon
Medlemskontingent
Familiemedlemskap (2 vaksne og born under 16 år): 500,-
Medlemskap vaksne (frå 16 år): 200,-
Medlemskap born (under 16 år): 150,-
Betaling
- Nye medlemmer: Ved innmelding
- Eksisterande medlem: Fakturert årleg
Medlemskapet er løpande fram til utmelding er stadfesta
Treningsavgifter kjem i tillegg til medlemskontingenten. Avgifta varierer etter alder og type aktivitet, og vert kravd separat for deltaking i enkelte av aktivitetstilboda til IL Harding (per 2026 gjeld dette styrkerom og fotball)
Ved betaling av kontingenten, får medlemmet medlemsrettighetar i idrettslaget, og får ta del i idrettslaget sine aktivitetar. Ein forplikter seg samtidig til å fylgja NIFs regelverk.
Medlemskap i IL Harding er fyrst gyldig frå den dagen kontingenten er betalt.
Utmelding
All utmelding kan gjeras via IdrettenOnline
- Logg inn på IdrettenOnline
- Gå til "Min konto" på initialane dine oppe til høgre/Velg "Innstilingar" til høgre i menyen
- Velg "Medlemskap" i menyen til venstre
- Velg "Meld ut" i nedtrekksmenyen til høgre under "Valg"
Medlemskapet er løpande fram til utmelding er stadfesta.
Har du vanskar med å betala?
Alle skal få vera med i IL Harding! Det betyr at born og ungdom skal få driva med idrett uansett kva økonomi familien har. Dersom du har utfordringar med å betala medlems- eller treningsavgift, vil me finna ei løysing saman med deg.
Me har fleire moglegheiter til å hjelpa:
Delbetaling av faktura
Me kan dela opp fakturaene. Betal fakturaen for medlemskontingenten først. Når denne er betalt, er du medlem av IL Harding. Medlemskapet gir viktige rettar som forsikring og deltaking på årsmøte.
Treningsavgifta kan delast opp i fleire betalingar. Har du avtalt delbetaling kan du få purringar fram til alt er betalt – desse kan du sjå bort frå så lenge du følgjer avtalen.
Hjelp frå NAV / sosialtenesta
Dersom du er i kontakt med NAV eller sosialtenesta, kan dei i mange tilfelle bidra med å dekka medlems- eller treningsavgift. Det offentlege legg vekt på at born og unge skal få delta i fritidsaktivitetar uavhengig av familien sin økonomi.
Ta gjerne med fakturaen frå oss når du tek kontakt.
Coop-dugnaden (Coop og Røde Kors)
Coop Norge og Røde Kors samarbeider om ei støtteordning som skal gje born i familiar med låg inntekt mogelegheit til å delta i fritidsaktivitetar.
Ein kontaktperson må søkja på vegne av barnet. Denne kan vera tilsett i skule, helsevesen, NAV, idrettslag eller frivillig organisasjon. Privatpersonar kan ikkje søkja sjølv.
Inkludering i idrettslag (Norges idrettsforbund)
IL Harding kan i enkelte tilfelle søkja støtte gjennom ordninga «Inkludering i idrettslag». Målet er å sikra at barn og ungdom frå familiar med låg betalingsevne kan delta i idrett på lik linje med andre.
Ta kontakt med klubben dersom dette kan vera aktuelt.