IL Harding

Munketreppene Opp

Munketreppene Opp

 

Dato:        Laurdag 15. september 2018
Stad:         Hardanger - Lofthus - Røyse

PRAKTISK INFORMASJON:

Start ved Krossvoll på Lofthus, som ligg nede i sentrum av Lofthus ved rundkøyringa (båthamna). Parkering i sentrum eller ved Ullensvang Kyrkje.

kl 09:00 - 10:30           Start mosjonsklassen frå kl 09:00 til kl 10:30.

kl 11:00                       Start konkurranseklassane

kl 14:30                       Premieutdeling på Krossvoll (ved start)

 

OM LØPET:
Det er ein høgdeskilnad på 1000 m frå start til mål, distansen er vel 5,5 km.
Starten av løypa er på 1,06 km asfalt, deretter spring ein 1,5 km på skogsveg,0,7 km på sti og 0,6 km på skogsveg att  til saftstasjon. Vidare 0,5 km på sti, 0,4 km på skogsveg før me kjem opp til Munketreppene. 0,95 km med trepper til Nosi, og deretter 0,62 km med trepper/sti som endar i målområdet. Målområdet vert litt opp forbi fjellet ”Nosi”, ved fossen ”Rjukande”. Total lengde på løypa er 5,5 km - målt med GPS.

Påbode med sekk frå start til mål. Sekken må vega minst 2,5 kg!
Det kan vera kaldt på toppen!


KLASSAR:
Konkurranseklassane er inndelte slik , både for menn og kvinner:

12-14              45-49
15-16              50-54
17-18              55-59
19-34              60-64
35-39              65-69
40-44              70+
 
PREMIERING:
Premiering til alle klassevinnarane.
Pengepremiar til dei tre beste menn og kvinner.
I mosjonsklassen er det ikkje tidtaking og inga klasseinndeling.
Alle som fullfører får premie!

Alle må vera registrerte for å få namnet sitt på resultatlista.
Alle må vera komen i mål innan 3 timar.

PÅMELDING:
www.ilharding.no eller via EQ-timing.no

Påmeldingsfrist er dagen før løpet

Det er råd å melda seg på ved start, då må du betala 100 kroner ekstra i tillegg til påmeldingsavgift.

PÅMELDINGSAVGIFT:
Konkurranseklasse: kr 300,- per person
Mosjonsklasse: kr 150,- per person

 

OVERNATTING:

Hotel Ullensvang:
Tel: 53 67 00 00 / http://www.hotel-ullensvang.no

Ullensvang Gjesteheim
Tel: 53 66 12 36 / http://www.ullensvang-gjesteheim.no

Lofthus Camping
Tel: 53 66 13 64 / 906 28 414 / http://www.lofthuscamping.com

 

OM NOSI OG MUNKETREPPENE:

Engelske cistercianarmunkar som kom til Lofthus frå Lysekloster ved Bergen, ein gong mellom år 1200 og år 1210, grunnla eit hospits og eit kapell, på folkemunne kalla "Klosteret i Opedal". Namnet er etter garden det låg på, og desse munkane hadde m.a. med seg den kunnskapen som la grunnlaget for ein stor næringsveg i Hardanger, fruktproduksjon. Avdelinga i Opedal var nok ei viktig matkjelde for klosterbrørne på Lysekloster. Hardangervidda var på den tid både ein viktig ferdsleveg og ein viktig ressurs med tanke på matauk og andre naturressursar. For å letta tilkomsten til vidda, la munkane 616 trappetrinn oppover den bratte lia, fram til fjelltoppen "Nosi".
Vegen opp Lofthus-lia og forbi "Nosi" var i mange hundreår ein viktig ferdsleveg frå fjorden ved Lofthus opp til Hardangervidda, der ein møtte Normannsslepa som gjekk austover til Kongsberg og vidare mot bygdene og byane på Austlandet. Munkane forsvant med reformasjonen i 1537 og Munketreppene er i dag det einaste synlege sporet etter dei.

Vegen både er og har vore stølsveg til Opesjo og dei andre fjellstølane innover Hardangervidda. I dag går det både skogsveg og sti opp frå Lofthus til "Nosi" ca. 950 m.o.h., og "Nosi" er også i dag ein av innfallsportane til Hardangervidda. På ca. 650 - 700 m.o.h. og opp til 1000 m.o.h ligg Munketreppene, store steinar lagt som trappetrinn ("trepper" på harding-dialekt) i terrenget. Normal gangtid Lofthus - "Nosi" tur/retur er omlag 4 timar.

Munketreppene vart restaurert i 2016. Arbeidet vart utført av Sherpaer frå Nepal, og byggherre var stiftinga Munketreppenes vener. I tillegg til å restaurere dei 616 trappetrinna, er det også bygd fleire trepper, slik at stien i dag framstår sikkert og trygg, og er ein spennande og flott oppleving.

 

IL Harding

Hordatun klubbhus, 5781 Lofthus
Org.nr: 987 634 243
epost: post@ilharding.no

Leiar/ Kontakt: Ivar Tveito Eidnes, 5781 Lofthus, tlf: 98818456

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift